JOBBE I GLASFAGET?

UTDANNING OG LÆREPLASS

Saman med Glass og Fasadeforeningen sikrar vi deg ei god opplæring i eit spennande og framtidsretta fag

5 spennande fagområde

  1. Glasshandverk
  2. Fasade og solskjerming
  3. Glasindustri – produksjon og bearbeiding av glas
  4. Glas i bilar og andre transportmiddell
  5. Innramming

Les meir om dei 5 fagområda her: glassportal.no

Slik blir du lærling og fagarbeidar i glasfaget

  • Oppstart som lærling allereie etter VG1
  • Løn under heile utdanninga
  • Eigen glassfagskule – seks samlingar per år
  • 100% bestått eksamen på GF lærlingskole
  • Glass og Fasadeforeningen hjelper deg med å finne bedrift
  • Eiga digital lærebok i glasfaget

Slik blir du praksiskandidat og fagarbeidar i glasfaget

  • 5 års praksis i faget (§ 3.5 kandidat)
  • Eksamensførebuande kurs på GF Arena, Ski
  • 2 samlingar a 2-3 dagar
  • Innsendingsoppgåver og digitale møter mellom samlingane
  • Arbeidsgjevar betalar kursavgift mot 3 års binding

Meir opplæring i bedrift – mindre på skulebenken!

Møt Kennet

Frå midlertidig jobb til fagarbeider og serviceleiar

Kennet Andal • Holvik Glas • www.holvikglas.no

Kennet Andal viste ikkje kva han ville, men begynte å jobb hos Holvik – slik at han ikkje berre skulle gå og slenge. Eg var klar på at eg skulle vere her ei lita stund, til eg fann noko anna, smiler Kennet. No er ei lita stund blitt til 15 år – og læreguten har fått fagbrev og er serviceleiar i bedrifta.

Eg er ein praktikar, og er ikkje glad i teori – men fagbrev er eit verdifullt papir å ha med seg – uansett kva fag det gjeld.

Vegen fram til glasfagarbeider

Glasfaget er eit særløpsfag, der elevar etter VG1 Bygg og anleggsteknikk inngår  lærekontrakt med ei godkjent lærebedrift i glasfaget.

Læretida startar etter VG1 og varer i tre år. Etter endt læretid avlegg ein fagprøva.


Lærlingane har løn i heile læretida



Kryssløp frå andre grunnkurs vil vere mogleg, spesielt vil VG1 TIP vere aktuelt.