45 meter høge heishus med utsikt

Rehabilitering av Lyderhorn Borettslag – Loddefjord

Utvendig heis – ein sjeldan konstruksjon med utsikt

For oss er jobben på Lyderholm Borettslag ei ny og spennande utfordring,  fortel Connie Holvik.

Lyderholm Borettslag i Loddefjord er tre blokker på heile 14 etasjar, bygde på 1970-talet. Det er 291 leiligheiter i dei tre høgblokkene av totalt 505 i burettslaget. Harald Berland, i Berland Bygg, fortel at  opprinneleg har blokkene to innvendige heisar kvar, som er alt for små og lite funksjonelle. No skal dei to innvendige heisane erstattast av ein innvendig og ein utvendig heis – på heile 45 meters høgde.

Dette er ein uvanleg konstruksjon, smiler prosjektleiaren i Bergen. Her skal vi bygge heishus på utsida av dei tre blokkene, og Holvik Glas skal ta seg av innglassinga av dei tre tårna i tillegg til inngangspartia på bakkenivå.

Det finst ikkje makan til dette her i Bergen, slår Harald Berland fast.

OPPTUR MED UTSIKT
Dei tre blokkene har hatt ein stålkonstruksjon på utsida, som kom på plass under rehabiliteringa i 1993. Desse blir no demonterte og erstatta av nye utvendige glasheisar. Det er mogleg at delar av «skihoppet» i stål blir remontert. Desse «tårna» har vore signala til desse bygga, og med dei nye heishusa vil ein behalde særpreget. For folk som bur i husa vil det bety ein anleggsperiode på 18 månader. Det ser dei berre positivt på, seier Harald. Alle gler seg til nye heiser som vil fungere – og ha plass til det ein skal frakte med seg. Dette blir eit kjempeløft for dei tre høgblokkene og dei som bur der, med tanke på både inngangsparti og heiskapasitet. Som bonus får dei heis med fantastisk utsikt!

FRAMOVERLENDT FØRDEFIRMA
På spørsmål om kvifor Førdefirmaet Holvik Glas vart plukka ut til jobben, er svaret klart. For oss er dei ein ny samarbeidspart, men vi oppfatta dei som framoverlendte – og dei såg på utfordringane på ein positiv måte. Dette samarbeidet har vi god tru på, smiler Harald.

STARTEN PÅ FLEIRE SAMARBEID
Både Connie Holvik i Holvik Glas og Harald Berland i Berland Bygg legg vekt på at dette kan vere starten på fleire nye samarbeidsprosjekt. Begge representerer solide familieeigde bedrifter, og kjemien har fungert svært godt så langt.

Dette samarbeidet er fløyel, konkluderer Harald Berland