MED KUNDEN I FOKUS SIDAN 1967

MED KUNDEN I FOKUS SIDAN 1967

JOHN HOLVIK GLAS

Vi har tilbudt kunnskap og kvalitet sidan 1967. Med over femti år i bransjen er vi ein av dei eldste aktørane i marknaden. Kjærleiken til handverket og kunnskapen har gått i arv i generasjonar, og i dag er det tredje generasjon Holvik – Connie som leier familiebedrifta med over 30 tilsette.

Din glasmeister på Vestlandet

Vi jobbar i hovudsak på vestlandet, dvs. frå Ålesund til Stavanger, men vi har i tillegg ein del oppdrag utanfor denne aksen. På referansesida vil ein sjå at prosjekta våre stort sett er å finne i Vestland og Møre og Romsdal.

Kompetanse in-house

Alle dei tilsette har god fagleg forståing for jobben sin. Medarbeidarane er godt utdanna og i staben har vi fleire med tverrfagleg utdanning, og dermed god innsikt i det byggtekniske. Det er avgjerande for å gjere ein god jobb i heile prosessen – frå prosjektering til produksjon og montering. Å ha god byggteknisk forståing er avgjerande for å vere ein god glasmeister.

Fire av våre medarbeidarar har autorisasjon som glasrådgjevarar. Det vil seie at vi er rådgjevarar for arkitekter det som har med glas og det byggtekniske.

Bedrifts- og privatmarkedet

Det er kompetansen og erfaringa vår som gir oss nye jobbar. HMS og berekraft står i fokus, og pregar alt vi gjer.

Ingen oppdrag er for små – og ingen for store. Marknaden vår spenner frå vindu og dører i private hus og hytter – til store prosjekt for næringslivet.

Lang og stolt historie

3 generasjoner Holvik • Holvik Glas • www.holvikglas.no

John Holvik (til venstre) starta si eiga verksemd i Førde, 12. mai 1967. I starten var han heilt åleine. Det gjekk mest i oppdrag på privatbustadar, men ein og annan litt større jobb vart det. Ettersom åra gjekk vart det fleire oppdrag og fleire tilsette i firmaet Glasmeister John Holvik AS.

Dei første store oppdraga var for Hydro i Årdal – og dei har vi framleis på kundelista – i lag med mange store prosjekt mellom Ålesund og Stavanger.

John sitt varemerke har alltid vore at ein skal vere presis og levere som avtalt.

Bjorn Holvik • Holvik Glas • www.holvikglas.no

Bjørn Holvik er 2. generasjon leiar av bedrift. Han starta å jobbe her så tidleg som i 1977, og tok over som dagleg leiar i 2011. I dag er det dottera som har tatt over stafettpinnen, medan Bjørn tek seg av mange oppgåver i bedrift.

Han kallar seg sjølv for vaktmeister, og er den som kan «fikse» det meste.

Bjørn administrerer småkunde-marknaden lokalt i Førde. Kunnskapen og kontaktnettet til Bjørn er heilt avgjerande når logistikkutfordringar skal løysast.

Connie Holvik • Holvik Glas • www.holvikglas.no

Connie Holvik kom heim i 2013 – etter 12 år i Bergen. Ho har fag- og meisterbrev i glasfaget, og tok over som dagleg leiar i 2020, som 3. generasjon i familien Holvik.

Connie har ein klar visjon om korleis ei moderne bedrift skal drivast, og legg sterk vekt på samspelt med dei tilsette.

Ho er opptatt av å sjå medarbeidarane sine, og at dei saman skal gjere kvarandre gode.

HMS og bærekraft er eit anna tema som er viktig Holvik Glas, som er ein av dei største brukarane av resirkulert aluminium.

Andreas Nylund • Holvik Glas • www.holvikglas.no

Andreas Nylund blei med Connie på flyttelasset i 2013. Han har bakgrunn som tømrar og er autorisert glassrådgjevar. Dette er avgjerande i arbeidet som prosjektleiar og i samarbeidet med arkitektar og byggherre.

Det er viktig med god planlegging og involvering, slik at alle jobbar mot eit felles mål og har ein god og forutsigbar arbeidskvardag.

Prosjektleiaren jobbar med alt frå anbud til innkjøp og drift. Ein viktig del av jobben er å vere bindeleddet mellom arkitekt, byggherre og kunde.

Det er 100%-regelen som gjeld. Når vi gjer noko, så gjer vi det skikkeleg.

§ Åpenhetsloven – Etiske og sosiale retningslinjer

Krava i openheitslova:
Openheitsstandarden i openhetslova bygger på FNs retningsgjevande prinsipp for ansvarlig næringsliv og menneskerettigheiter (UNGP) og OECDs rettleiar for aktsomheitsvurderingar for ansvarleg næringsliv.

Les meir på sida vår om berekraft