Vestland og Rogaland
Dagsturhytter med glasklar utsikt
Hytta som er di og mi og alle andre si
Vindu, dører og glasrekkverk til fjells og til havs
Dei aller fleste i Sogn og Fjordane har nok både høyrt om og besøkt minst ei dagsturhytte. Dette er blitt ein stor suksess, som har sitt opphav her i fylket. Holvik Glas kom inn i prosjektet då det starta opp i andre fylker. I Rogland er det bygt opp 28 hytter, og vi har levert alt av vindu, dører og glassrekkverk (til hems), til alle desse – i tillegg til 31 hytter i Hordaland og 1 i Sunnfjord.
Det vil seie totalt 60 dagsturhytter på Vestlandet.
Lågterskel turglede
Målet med hyttene er å stimulere til turglede og fysisk aktivitet i trygge rammer. At hyttene er tilgjengelige 15–90 minutt frå løypestart, gjer terskelen låg for å komme dit. Hyttene er gratis å bruke og står opne heile året. Dei skal forlatast i same stand som då du kom, og som namnet tilseier er dei beregna for dagsturer – og ikkje overnatting. Dei er enkelt innreia med benkar, hems, peis og bibliotek.
I eitt med naturen
Alle hyttene er like, men plasseringa kan vere veldig forskjellig. Kommunane bestemmer sjølve om dei vil ha dei til fjells, ved sjøen eller i skogen. Uansett så glir dei godt inn inn i naturen, og set eit svært lite fotavtrykk.
Frå Stad og Førde
Ytterkledningen er brent malmfuru, som er svært motstandsdyktig og treng lite vedlikehald. Vi i Holvik Glas leverer aluminiumskledde vindu, dører og rekkverk til Stad Kystbygg, som bygger hyttene i fire modular. Desse blir så frakta på plass med helikopter og bygd saman på staden. Her blir dei montert på ei ramme av limtre festa i fjell.
Det heile starta i 2016 her i Førde, og no er det tilsaman 54 hytter i Vestland og 28 i Rogaland. Dei siste har fått ein del oppgraderingar, basert på erfaringane og endringar som er gjort i Sogn og Fjordane og etterkvart Vestland.
Bilde på denne sida frå Kaurebu // Bjerkreim
FOTO: Øyvind Nesvåg // Rogaland fylkeskommune
Felles design og innhald:
- 15 kvadratmeter
- Enkel utforming med en dør og vindu
- Vedomn
- Solcellepanel for belysning under takutstikk / inngangsparti
- Brent kledning og aluminiumskledde vindu
- Lett tilgjengelege / lågterskeltilbod
- Sosial møteplass med turbibliotek
Holvik Glas har levert vindu, dører og glassrekkverk
TIL TOTALT 60 DAGSTURHYTTER PÅ VESTLANDET
28 til Rogaland • 31 i Hordaland • 1 i Sunnfjord (Viksdalen)
Sunnfjord 1 dagsturhytte:
Midthordaland 7 dagsturhytter:
- Adlesi i Austevoll
- Dagsturhytta i Os/Bjørnafjorden
- Dagsturhytta i Fusa/Bjørnafjorden
- Prestakvilet i Samnanger
- Larslibua i Øygarden kommune
- Rambua i Øygarden kommune
- Vetenbua i Øygarden kommune
Voss og Hardanger 7 dagsturhytter:
Sunnhordaland 8 dagturhytter:
Rogaland 28 dagsturhytter
- Bjerkreim kommune – Kaurebu
- Bokn kommune- Kongsbu
- Eigersund kommune- Rosshagen
- Gjesdal kommune – Fisketjønnbu
- Gjesdal kommune – Røyskatten
- Haugesund kommune – Nuten
- Haugesund kommune – Varøy
- Hjelmeland kommune – Fistrebu
- Hå kommune – Tvitjørnhytta
- Karmøy kommune – Tuabua
- Klepp kommune – Frøya
- Kvitsøy kommune – Røde skjegg
- Lund kommune – Gauksomhytta
- Randaberg- Vistneshyttå
- Sandnes kommune – Søsterhytta
- Sandnes kommune – Stokki-hytta
- Sauda kommune – Ørneredet
- Sokndal kommune – Åmodtshytto
- Sola kommune – Solabu
- Stavanger kommune – Vennskapshyttå
- Stavanger kommune – Ørnareiret
- Strand kommune – Hammarbu
- Suldal kommune – Bjødlenuten
- Suldal kommune – Kvilehaugen
- Time kommune – Melsbu
- Tysvær kommune – Alvanuten
- Utsira kommune – Vindbalhytta
- Vindafjord kommune – Vadhytta