Fasade og glas til Elvekanten

Førde sitt mest moderne bygg

Førde vender seg mot elva

For oss er Elvekanten ein viktig jobb, der vi skal levere fasade til næringsdelen, fortel Connie Holvik.

Elvekanten i Førde er omtala som regionen sitt mest moderne næringslokale, og det første bygget som er designa for å vende seg mot elva Jølstra.

Bygget som tek form ved elvekanten spelar på lag med elva og gjer det svært attraktivt både som næringsbygg og bustad. Elvekanten er eit unikt kombinasjonsbygg med forretningar, restaurantar, kontor og bustader. Samla oppvarma bruksareal er på 9.068 m2, der næringsdelen utgjer omlag halvparten.

FASADE OG TERRASSE
Vi har fått jobben med å levere fasade til næringsdelen av bygget. Det betyr glasfasade i 1. og 2.etasje i tillegg til balkong innglasing til 76 leilegheiter og rekkverk på takterrasse.

KOMPETANSE AVGJERANDE
Holvik Glas har vore rådgjevar og sparringpartner med Consto og Salt arkitekter i planprosessen, fortel Connie Holvik og peikar på at dei har god fagkompetanse i bedrifta. Dette har vore ein vektgivande faktor i konkurransen om levering av fasade. Her er spesielle krav til løysing og utforming, noko som gjer jobben ekstra spennande.

Connie Holvik ved Elvekanten Førde - holvikglas.no