Ekstrem forvandling
Tools-bygget – eigd av Spesialvarer Eiendom – er kanskje det bygget i Førde som har gjort den mest radikale endringa av fasaden. SCG Bygg har hatt hovudentreprisen på ombygginga, medan vi i Holvik Glas har levert den nye glasfasaden, fortel Connie Holvik.
Det har så og seie gått frå grå betong til skinande glas. I forretningsbygget på Hafstadflata har dei skore ut betongelementa og bytta dei ut med store glasflater, levert av Holvik Glas.
Nyrenovert hus og nye leigetakarar
Dette har vore eit spennande prosjekt, som har totalforandra eit gammalt Førdebygg. Eigarane Spesialvarer Eiendom har valt å ta vekk eit lager, som det ikkje lenger var behov for, og dermed fått plass til to nye leigetakarar. Frå før har verktøykjeden Tools vore einaste leigetakar. No har Fjordane Caravan og Alltech inntatt delar av bygget.
Camping og landbruk
Fjordane Caravan driv med sal og utleige av bubilar og campingvogner, og har no opna ny butikk i «Tools-bygget» – med alt ein treng av campingutstyr. Alltech-butikken sel næringsmiddel og utstyr til landbruket.
Skinande forretningsbygg
Det er gjort eit omfattande arbeid og investert mykje i å oppgradere bygget på Hafstad, og det har verkeleg fått seg eit løft, både reint teknisk, og ikkje minst utsjånaden. Dei store glasfasadane har omforma Tools-bygget ved E39, frå grått og trist til nytt og skinande.








