Vestkapp er ei av dei mest spektakulære naturopplevingane. På det vestlegaste fjellplatået på fastlands-Norge ventar ei utsikt som tek pusten frå dei fleste. Du ser ope hav så langt auga rekk og har panoramautsikt mot Sunnmørsalpane, Runde, Hornelen og Ålfotbreen. No er Vestkapp Holding AS i gang med å bygge eit hotell på eit av dei mest imponerande utsiktspunkta i Noreg. Holvik Glas syt for ein stødig glasfasade som tåler både vêr og vind, utan å gå på kompromiss med utsikta.
Byggherre Vestkapp Holding AS har engasjert HS Bygg AS som totalentreprenør for bygginga av Vestkapp Hotell, eit nytt hotell oppe på det vestlegaste fjellplatået på fastlands-Norge. Hotellet skal ha ni store suiter med panoramautsikt til Stadhavet og restaurant med plass til 100 gjester. I tillegg kjem det ein 900 kvadratmeter stor takterrasse med utsikt så langt auget kan sjå.
Om prosjektet
Entreprenør: HS Bygg Stryn AS
Arkitekt: Sporstøl Arkitekter AS
Oppdragsgjevar: Vestkapp Holding AS
Fasadeentreprenøren Holvik Glas skal levere glas og fasadeløysingar til hotellet. Dei starta med produksjon og montering andre halvår 2026. Rivinga av det gamle anlegget starta i mai 2026, og den første betongstøypen vart unnagjort i juni 2026.
– Når fundamentet var på plass starta vi jobben med å montere glasfasaden med utsikt mot havet, fortel dagleg leiar Connie Holvik.
Krevjande vêrforhold stiller store krav
Det er ikkje å stikke under ein stol at det er krevjande vêrforhold på Vestkapp. Det stiller særleg store krav til glasfasaden, som både skal gi gjestar fri utsikt og samtidig sikre eit trygt og robust hotell.
– Vi har gått for glas som tåler dei heftige vêr- og vindforholda. Glasa er dimensjonert i samsvar med vindpåkjenningane ved Vestkapp, og det påverkar også vekta på glasa. Kvart vindauge veg nærmare 300 kilo, fortel Connie.
Holvik Glas brukar WICTEC 50 aluminiumsrammer frå den langvarige samarbeidspartnaren WICONA. Dei er i resirkulert aluminium, og har fordelar med låg vekt og høg korrosjonsbestandighet. Glasa vert produsert hos CG Glass frå Kristiansand.
Plasseringa av hotellet gjer monteringsjobben krevjande. Hotellet ligg på ei klippe i enden av Vestkapp. – Det er for smalt til å montere opp stillas. Vi har fått glasa på plass med beltegåande kran frå innsida, fortel Connie.
Fasadeentreprenøren er i rute
Holvik Glas skal vere ferdig med fasaden i løpet av desember 2026. Til tross for vêr er Connie positiv.
– Vi er godt i rute og følger framdriftsplanen, sjølv om vi denne gongen har ein ekstra faktor med det krevjande vêret. Når fasaden er klar kan HS Bygg fortsette på innvendig arbeid, før vi set set krona på glasverket WICSTYLE 50 dører både inne og ute, avsluttar ho.











