Glasprinsessa Connie Holvik

29 år gamal står Connie Holvik klar til å overta sjefsstolen i ein mannsdominert bransje. Trass ein dysleksi så tung at ho må lese tekstane baklengs for å forstå dei, tok ho høgare utdanning enn far sin. I feriane avreagerer ho med pudderkjøring i Alpane og råsterke bilar – i god, gamal Holvik-stil. Det vil seie i 250 km/t.

– Då eg lærte å snakke, var det ikkje lenge før eg sa at «Eg skal bli glasmeister, slik som Besten», ler Connie Holvik.

Og det vart ho. Med tid og stunder skal 29-åringen ta over ei bedrift med 60 millionar i omsetting. Men ho har ikkje komme lett til det.

– Eg har alltid ville jobbe med det her. Eg hugsar godt første gang eg var med Besten ut og skifta vindauge i eit hus. Han leste opp lastebilen med ruter, og så sette vi oss i bilen og køyrde. Oppe i Askvollkrysset hugsar eg at eg tenkte: «Dette skal eg gjere. Dette skal bli livet mitt. Køyre rundt og skifte ruter, det skal jammen bli kjekt!». Eg var vel tolv år, kanskje fjorten? Eg veit ikkje. Eg var jo der heile tida, heile vegen.

Les artikkel i Firda 13. januar 2017 om Connie og resten av familien Holvik (krev innlogging)

Foto: FIRDA 13.1.2017