TAKTERRASSE TIL OLE BULL HUSET
Holvik Glas leverer både glastak, skyvedører og branndører i tillegg til glasfasadar til dette spennande Bergens-prosjektet. Totalentreprenør er Åsane Byggmesterforretning.
I mars -22 starta bygginga av ny takrestaurant på toppen av Ole Bull Huset, midt i Bergen sentrum. Frå før finn ein både teaterscene, hotell, bar og restaurant i huset. Planen er ferdigstilling mai 2023.
OPNAR DØRENE I MAI
I følge artikkel i BT 26.4.23 er leigekontrakt signert. MM Café og Bar opnar dørene i løpet av mai. Dei vil legge vekt på god atmosfære og ikke minst utsikt når dei kjem så «høgt opp i skyene».
BERGENSVÊR INGEN HINDRING
På takterrassen blir det totalt rundt 140 sitteplassar. 70 av desse blir under open himmel, så her er ein avhengig av godt Bergensvêr. Store delar av året vil ein nok først og fremst sitte inne, godt beskytta av glastak og fasadar levert av Holvik Glas.
Arkitektgruppen CUBUS seier dette om utbygginga på Ole Bull huset:
En takrestaurant midt i Bergen sentrum vil gi byen en ny attraksjon og møteplass og være et godt grep med bevaring gjennom ny bruk.