Komplett leveranse til nytt industribygg

Veltec

På Mongstad feirar dei eit nytt bygg med kombinert verkstad- og administrasjonslokale. Lars Jønsson AS har hovudentreprisen på byggeprosjektet, der Holvik Glas er underleverandør, fortel dagleg leiar Connie Holvik.

Mongstad er kjend for å vere eit av dei største industrianlegga på Vestlandet, og stiller naturleg nok strenge krav til dei som skal gjere jobben. Veltec, som driv med vedlikehald og modifikasjon av industrianlegg, er kunden i prosjektet og Lars Jønsson AS har hovudentreprisen på prosjektet. Her har Holvik Glas levert fasade, vindauge og dører til det nye bygget.

Frå Førde til Mongstad

Fasaden er bygd opp med prefabrikkerte element som gjer montering på byggeplass effektivt og presist. Alle element blir produsert på hovudkontoret i Førde og deretter pakka på pallar. Deretter vert elementa frakta til Mongstad for montering.

På denne måten har vi god kontroll på kvaliteten gjennom heile prosessen. Samtidig gir det oss fleksibilitet og reduserer transportvolumet samanlikna med ferdigmonterte element, forklarar Connie.

Resirkulert aluminium gagnar kunden og kloden

Krav til gode materialval og lavt klimaavtrykk er viktige faktorar i dagens byggeprosjekt. Fasaden er i resirkulert aluminium frå Holvik Glas sin faste leverandør Wicona. Resirkulert aluminium har eit CO2-avtrykk på berre 1,9 kilo per kilo mot eit europeisk snitt på 8,6 kilo. Det er eit tal som tel meir og meir når store industriaktørar stiller krav til sine leverandørar, og her har vi levert gode tal i lang tid, utdjupar ho.

Viktig med energisparing

I tillegg til fasade har Holvik Glas levert vindauge og dører til bygget. Her er det lagt vekt på løysingar som skal bidra til eit energieffektivt bygg og har derfor vald 3-lags energiglass innandørs og 3-lags emaljert fasadeglas utvendig. Mellom glasa er det brukt isolator for å forhindre varmetap. Resultatet er ei komplett levering av fasade, vindauge og dører som bidreg til eit moderne og framtidsretta bygg.

Holvik Glas har stålkontroll

Lars Jønsson AS har samarbeida fleire gongar med Holvik Glas, og er fornøgde med jobben dei gjer.

Vi har samarbeida med Holvik Glas fleire gonger, og dei skuffar aldri. Dei er kompetanserike og kjem gjerne med ulike løysingar for best mogleg resultat. Dei tilsette har stålkontroll på det dei driv med og følger framdriftsplanen til punkt og prikke. Alt i alt er vi veldig fornøgde med jobben dei gjer, fortel anleggsleiar Henrik Jønsson.

For oss i Holvik Glas er prosjektet på Mongstad eit godt døme på korleis fasadeløysingar, berekraftige materialval og godt samarbeid kan gi eit sluttresultat som både byggherre og entreprenør er stolte av.