Alle foto frå utsida: Egil Aardal, Firdaposten

Landets første Svanemerka kontorbygg

Nor Tekstil i Florø

Holvik Glas har levert alle vindauge, glasfasadar, dører og innvendige glasveggar til det nye, miljøvenlege bygget til Nor Tekstil i Havreneset i Florø. Det 2000 kvadratmeter store administrasjonsbygget har eit sterkt søkelys på berekraft. Dette er det første kontorbygget i landet som er Svanemerka. Det betyr at vi som leverandør må bruke materialar som er Svane-deklarert. Det er sjølvsagt meir krevjande for oss, fortel dagleg leiar Connie Holvik.

Det var spesielt mykje å setje seg inn i startfasen, og ting har blitt litt til undervegs. Vi måtte jo få det til, smiler Connie fornøgd. For å bli Svanemerka må eit nybygg oppfylle ei lang rekke med krav, og prosessen må starte i god tid før byggestart. Alt materiale som skal brukast må vere klarert, og det må vere innsøkt før ein startar.

Bra for miljøet og folka
At eit bygg er Svanemerka kan kort oppsummerast med lågt energiforbruk, godt inneklima og høg kvalitet. Bygget skal vere betre for miljøet, klimaet og alle som er i huset. Byggeprosessen skal loggførast, med tanke på bruk av materiale for å sikre sporbarheit.

Tar utfordringane
For oss i Holvik Glas var tettemassen den største utfordringa. Det viste seg at den massen som var deklarert ikkje hadde heilt dei same eigenskapane som massen vi pleier å bruke. Vi har erfarne og flinke montørar, som måtte lære seg noko nytt – og det klarte dei med glans – etter litt prøving og feiling.

Tett samarbeid
For oss har dette vore ein stor og lærerik jobb, der vi har levert alt av Wicona vindu, Wicona wictec 50 fasade og Wicona wicstyle 75  dører, etter strengare miljøkrav enn vi er vande til. Consto, som har vore hovudentreprenør har hatt god kontroll på byggeprosessen. Svanemerkinga har gjort det ekstra viktig for alle involverte å samarbeide tett under heile prosessen, frå plan til ferdig bygg.