SpareBank1 med fokus på gjenbruk

SpareBank1 i Førde

Hovudfokuset ved rehabiliteringa av SpareBank1 i Førde var gjenbruk og miljø, fortel Connie Holvik. Aasen og Øvrelid hadde hovudentreprisen på det tradisjonsrike bygget ved elva og Langebrua. Holvik Glas leverte både fasade, brannsikring, vindu og dører. Det mest spesielle vi leverte til bankbygget var glasgolv som blei lagt over nisjar i golvet, med historiske gjenstandar under. Minneboksane i glas er som utstillingsmontrar i golvet.

Det originale sparebankbygget i Førde stod ferdig i 1991, og etter snart 35 år var det på tide med ei rehabilitering, og tilpassing til dagens banktenester.  Det er alltid utfordrande å jobbe på eksisterande bygg, men heldigvis er det forholdsvis god plass rundt bygget. Med store liftar og beltegåande løfteutstyr er det utruleg kva ein kan klare. Byggeperioden gjekk frå desember -24 til juli i år for vår del, fortel prosjektleiar Andreas Nylund.

Berekraftige forbetringar
Bankbygget er klassifisert etter den såkalla «BREEAM In Use» standarden, for å måle, forbetre og dokumentere helse- og miljøkapasiteten til eksisterande bygg, ikkje å bygge eit heilt nytt bygg. Målet er å redusere driftskostnadane, energiforbruket og miljøbelastninga i eksisterande bygg. Gjenbruk og kvalitet har difor stått i fokus, når vi har levert fasade, brannsikring, vindu og dører.

Resirkulert materiale
Sjølv om oppdraget i utgangspunktet var å gjenbruke mest mogleg, var det nødvendig med litt nytt for å halde seg til dagens standard. Det som vi og utbyggar såg på som ekstra positivt var at vi leverer resirkulert aluminium. Alle vindua som vi tok ut av bygget blir dessutan sendt til gjensmelting til nye vindu. I mange rivingsprosessar blir glas deponert på fylling eller omgjort til isolasjon. Det gjeld ikkje i Sparebank1-bygget i Førde.

Nytt og gjenbruk
På delar av bygget har vi skifta til nytt materiale for å stettar dagens krav til isolering.  Men, som sagt, presiserer Connie, har alt av skifta glas og aluminium gått til gjenvinning. Den nye aluminiumen vi brukar er allereie gjenbruk. Inne i banken har vi og vore med på eit spennande prosjekt med å ta vare på historia til banken. Der har vi laga «minneboksar» i golvet, det vil seie at gamle ting frå banken er lagt i glas og ramme i nisjar i golvet – det vart utruleg flott.

Glas sand – ein knapp ressurs
Kvartssand som blir brukt i vindusproduksjon er etterkvart ein knapp ressurs, og vi må tenke annleis, seier Connie. Difor sender vi heller vindua til materialgjenbruk, og får tilbake nye vindu. Sortering og materialgjenvinning av alle typar glas er viktig for miljøet og for etterspørselen etter sandressursane som er knappe.