55-års jubileum på Color Line Magic

for alle tilsette med følge

Fortenestemedalje for lang og tru teneste

Vi markerte 55-års jubileet ved å invitere alle tilsette med følge med på tur med Color Line Magic båt frå Oslo til Kiel 26. til 28. mai.

Vi bytta ut arbeidstøy med finklede og kose oss i lag i hyggeleg selskap, med god mat og drikke. Vi har lagt bak oss 55 år med mykje god historie og kunnskap. Saman skal vi bygge vegen vidare – for eit firma i god vekst.

I denne samanhengen ønska vi å overraske Bjørn Holvik med medalje for lang og tru teneste – tildelt av Det Kongelige Selskap for Norges Vel.

Bjørn har jobba 44 år i Holvik Glas AS – og vore dagleg leiar i 17 år

Han har utvikla selskapet og skapt gode rammer for vidare drift i same ånd som John hadde då han etablerte selskapet 12. mai 1967.