Kennet ville jobbe med noko praktisk

– men ikkje glas

Frå midlertidig jobb til fagarbeider og serviceleiar

Eg begynte berre å jobbe her, og det var heilt tilfeldig at det blei dette faget, fortel serviceleiar Kennet Andal. Eg var 19 år og skulelei. Då skaffa foreldra mine meg jobb her, for at eg ikkje berre skulle gå og slenge. Eg var heilt klar på at dette var midlertidig. Etter 15 år er eg her framleis smiler Kennet.

Eg hadde ikkje peiling på kva eg gjekk til, og var som sagt innstilt på å vere her ei lita stund. I starten jobba eg mest med montering, men var og ein del innom produksjonen.

Glasfaget er eit utruleg variert og spennande arbeid – og her hos Holvik Glas har eg likt meg frå dag ein.

§ 3.5 kandidat
Etter nokre år i bedrifta fekk eg tilbod om å ta fagbrev, som såkalla § 3.5 kandidat. Det betyr at etter 5 års praksis kan ein ta fagbrev. Eg gjekk opp som privatist og tok teorieksamen etter å ha lese meg opp. Etterpå tok eg kurs via GF skulen på austlandet. Eg ser i ettertid at eg burde gjort det i motsett rekkefølge – for der lærte eg utruleg mykje, sjølv om det berre var 2 kurssamlingar på 2-3 dagar kvar.

Praktikar
Eg er ingen teoretikar, men likar å lære ting den praktiske vegen, og det får ein verkeleg gjere i dette faget.

Anten ein startar som lærling eller slik som eg gjorde, så får ein god praktisk innlæring – med løn – før ein tek fagbrevet. Eg har etterkvart skjønt at fagbrevet er gull verdt å ha med seg – uansett kva retning ein vel. Det er ein god dokumentasjon på at ein kan faget.

Ingen dagar er like
I dag er Kennet serviceleiar hos Holvik Glas, og administrerer alt som omhandlar service og småjobbar i hus. Det kan vere alt frå vindu og beslag til låsar og dørautomatikk. Jobben min er å reise på befaring og sørge for at vi har på plass det materialet som trengs, og at jobben blir gjort. Innimellom er eg også med ut og gjennomfører servicen, fortel Kennet – som set pris på at ingen dagar er like. Glas er eit fasinerande og tøft byggemateriale, og Kennet legg vekt på at det er reint og fint å jobbe med.

Attraktiv arbeidsplass
Då eg starta her for 15 år sidan var eg mest ute på montering og innimellom inne i produksjonen. Her er eit svært godt arbeidsmiljø, noko som ein ser igjen på at alle som startar her blir verande lenge. Av og til sluttar folk, og så går det ei lita stund så er dei tilbake. Ungdommane som er her som lærlingar pleier å gli godt inn i miljøet – og den store variasjonen i arbeidsoppgåver gjer at dei får vere med på utruleg mykje. Inne i produksjonen jobbar vi med aluminiumsprofilar, glas og dører – og ute monterer vi alt frå glasrekkverk i privathus til store glasflater i industribygg.

Framtidsretta yrke
Det er kjekt å vere med på eit arbeid som viser igjen etter ein, meiner Kennet – og så er det eit unikt materiale å jobbe med. Å bli lærling i glasfaget er eit godt val for ungdommar som likar praktisk arbeid, og som vil ha ein variert arbeidsdag – der ein aldri blir arbeidsledig. Variasjonen er stor når ein kan jobbe som reisemontør, vere ute på store og små prosjekt eller inne i produksjonen, avsluttar ein blid serviceleiar.

– Og vi treng fleire folk!

Kennet Andal, Holvik Glas - holvikglas.no