Hydro Circal Award 2021
I 2021 fekk Holvik Glas utmerkinga Hydro Circal Award for bruk av aluminium med Hydro Circal legering, dvs aluminium resirkulert frå tidlegare brukte byggeprodukt.
ALUMINIUM OG GLAS
Vi bygger i verdas beste materiale – med stort arkitektonisk spelerom.
Glas og aluminium er berekraftige materiale – for framtidas bygg. Bruk av aluminium og glas som fasademateriale har auka sterkt dei siste 30 åra – og det har skjedd mykje med desse materiale med tanke på isolerande eigenskapar.
Dagslys og utsyn er ein viktig faktor for trivsel, og store glassflater kan og vere ein viktig faktor i oppvarming av bygg. Aluminium er eit lett og formbart materiale, som gjer det mogleg å lage ting på verkstaden og så kan elementa kjapt monterast utan bruk av stillas. Aluminium blir gjenbrukt gang etter gang utan vesentlege forringing av materiale. Kvar gong aluminium blir gjenbrukt forbetra ein metallet sin miljøprofil.
Fasadar av glas og aluminium kan dokumenterast med EPD, ECO product-sertifikat og fråver av miljøgifter etter den såkalla A20-lista.
Ansvarleg innkjøp av materiale blir dokument m.a. ved ISO 14001-sertifikat.
WICONA-produkt i eit sirkulært perspektiv:
WICONA leverer alle fasade-, dør- og vindus-profilar frå lager og pressverk i den resirkulerte aluminium legeringa Hydro CIRCAL 75R, med kun 2,3 kg CO2 / kg aluminium.
WICONA, eit 100% Norsk Hydro-eigd varemerke.
Meir info om Hydro CIRCAL 75R
Berekraftig utvikling handlar om å ta vare på behova til menneske som lever i dag, utan å øydeleggje framtidige generasjonar sine moglegheiter til å dekkje sine. Berekraftsmåla reflekterer dei tre dimensjonane i berekraftig utvikling: klima og miljø, økonomi og sosiale forhold.
Mål 9. Industri, innovasjon og infrastruktur: Byggje solid infrastruktur og fremje inkluderande og berekraftig industrialisering og innovasjon.
Holvik Glas er opptatt av omstilling, og til bruk av meir berekraftig materiale. Ei meir effektiv bruk av ressursane, ved t.d. å bruke resirkulert aluminium er noko vi jobbar med til dagen.
Mål 11. Berekraftige byar og lokalsamfunn: Gjere byar og lokalsamfunn inkluderande, trygge, robuste og berekraftige
Holvik Glas er opptatt av trygge, berekraftige og solide bygg, ved å bruke solide materiale med lang levetid.
Mål 12. Ansvarleg forbruk og produksjon : Sikre berekraftige forbruks- og produksjonsmønster
Holvik Glas er opptatt av ei berekraftig forvalting og effektiv bruk av naturressursane. Vi jobbar for å redusere avfallsmengde vesentleg gjennom førebygging, reduksjon, attvinning av materiale og ombruk.
ÅPENHETSLOVEN
Holvik Glas operar med klare etiske retningslinjer som bedrifta og alle tilsette skal følge.
Det er 100%-regelen som gjeld. Når vi gjer noko, så gjer vi det skikkeleg.