Glasfasadar til Lindhagen

Største bustadprosjektet i Førde

Ein oase i Førde sentrum

Ein oase ved elva, kallar utbyggar Gravdalgruppa det. Lindhagen er det største bustadprosjekt i Førde, og ligg tett ved elva og parken midt i Førde sentrum. Vi i Holvik Glas er så heldige at vi har fått levere glasfasadar, dører, inngangsparti og innvendige branndør-løysingar til det flotte bygget, smiler Connie Holvik fornøgd.

Lindhagen stod ferdig før sommarferien 2023 og har leilegheiter i mange ulike storleikar, og bebuarar i alle aldrar. Noko av det spesielle med dette bustadprosjektet er at dei har mange felleskvalitetar, som til dømes fellesstove og hobby-/trimrom i tillegg til gjesteleilegheiter. Huset er prega av lys, takhøgde og mange felles møtepunkt både inne og ute.

TRIVSEL OG MILJØ
Begge hushjørna som vender mot Angedalsvegen i Lindhagen er innglasa, slik at ein får ein  innebygd terrasse. Dagslys og utsyn er ein viktig trivselsfaktor, og med glasfasade er ein skjerma for trafikkstøy og vêr. Bruk av aluminium og glas som fasademateriale  har auka sterkt dei siste åra, og materiala har samtidig utvikla seg med tanke på isolerande evne, påpeikar Connie.

Alt vi leverer av aluminium er resirkulert frå brukte byggevarer. Både utbyggar og vi har miljøperspektivet i fokus i Lindhagen.

UTFORDRANDE TOMT
Når ein skal opp med store kranar og næraste nabo er ein trafikkert veg midt i sentrum, møter ein på litt utfordringar.  Angedalsvegen ligg tett på og med hus på begge sider, så måtte vi av og til stogge trafikken. Connie fortel at det faktisk har vore ein fordel å ha fleire prosjekt på gang samtidig i Førde sentrum.

Vi tilpassar oss entreprenørane sitt arbeid, og kan gå frå prosjekt til prosjekt medan vi ventar på at logistikken skal gå opp.

Alle foto utbyggar Gravdalgruppa