Førde vgs.

signalbygg med lokal forankring

Ein liten jobb vart til mange

Førde vidaregåande skule er eit signalbygg, og vi er glade for at Vestland fylkeskommune og entreprenør Consto Bergen har valt å nytte lokale leverandørar, fortel Connie Holvik. For oss starta det med ein liten jobb, men etterkvart har fleire små jobbar blitt til ein betydeleg pott.

Driftssjef Magne Ove Tonning, som har jobba for Holvik Glas i over 40 år, har eit stort nettverk i bransjen. Han er ikkje berre god til å rekne anbod, fortel dagleg leiar Connie – han kjenner mykje folk og dei veit at han og bedrifta leverer det dei lovar. Ja, vi er kjent for å levere god kvalitet og flinke fagfolk, skyt Magne Ove inn. Fleire kundar gjer oss faktisk jobbane på vilkår av at dei får same montøren som sist.

GODT OMDØMME
Holvik Glas og medarbeidarane har eit godt rykte i marknaden, og jobbane på Førde VGS fekk vi fordi entreprenøren kontakta oss. Holvik Glas hadde første leveransen til den vidaregåande skulen før jul i 2021. Sidan har det «ramla inn» med nye leveransar fram til bygget stod klart før sommarferien 2023. Skulen består av mange bygg og vi har fått oppdrag bygg for bygg, smiler Connie fornøgd.

LYS I HJARTET
Utbygginga er eit realt løft for skulen i Førde, og vi likar å strekke oss langt for at oppdragsgjevaren og brukarane skal vere fornøgde. Til Førde VGS har vi levert alt av glasfasadar, ytterdører og skyve-/betjeningslukene i volleyballhallen. Vi har også levert glastak over myldrerommet – som blir kalla Hjartet i bygget. Under dannar store limtredragarar ein massiv konstruksjon der lyset slepp inn.

Fakta Førde vgs.

  • Av dei største bygningsmassane i Vestland fylke
  • Samlokalisering av Hafstad og Øyrane vgs.
  • Idrettshall med volleyballfasilitetar for europacup
  • 29.000 m2 – skal romme ca. 1000 elevar
  • Prosjektkostnad kr 942 mill. inkl. mva.
  • Byggherre Vestland Fylkeskommune
  • Totalentreprenør Consto Bergen

Bli med inn

1. skuledag 2023