Berre eit steinkast frå Domusbygget i Førde – som vi har levert alt av glas til – finn ein leilegheitsbygga Langebruvegen, fortel Connie Holvik. Her har vi levert innglasing , fasader, inngangsdører og glasbaldakin til B blokka – som stod ferdig rett før sommarferien. Bustadblokka består av 28 leilegheiter fordelt på fem etasjar.
Åsen & Øvrelid har hatt totalentreprisen på det ferskaste leilegheitsprosjektet i Langebruvegen i Førde. Det er eit moderne bygg med trekledning i brennimpregnert malmfuru, som føyer seg fint inn i rekka av nybygg langs Langebruvegen. Her kan ein bu midt i sentrum, utan å vere redd for å bli innebygt. Næraste nabo mot nord er det freda våtmarksområdet Løken.
Dei innglasa balkongane og ikkje minst takterrassane sikrar god utsikt mot Løken og solnedgangen i vest. Langebruvegen i bilbyen har parkeringskjellar under både blokk A og B – med til saman 50 bilplassar.








