Lindhagen – eit sosialt nabolag

Førdes nyaste leiligheitsblokk

LINDHAGEN – Artikkel i Firda 24. juni 2023

Lindhagen – Angedalsvegen 6 i Førde står ferdig, og vi i Holvik Glas har levert innglassing og fasadar. Dette har vore eit godt Førde-samarbeid, der Gravdal gruppen har styrt prosjektet.

Les artikkel i FIRDA 24.6.23 om den nyaste blokka i Førde som no er innflyttingsklar:

– Førdes nyaste leilegheitsblokk har felleskjøkken, hobbyrom og sosiale møtestader.

– Sidan tomta var kommunal, vart det stilt krav frå kommunen om at dei kunne kjøpe minst tre leilegheiter til omsorgsbustader. Dei enda opp med å kjøpe to.

Sosiale møteplassar med utsikt

Huset har ein romsleg foajé med sofagrupper og eit fellesrom med kjøkken. Her blir det arrangert både bursdag og dåpsfest, i tillegg til meir dagleg bruk som t.d. felles lunsj. I korridorane i kvar etasje er det lagt inn sosiale område der ein kan møtast for ein prat og nyte utsikta gjennom store glasflater. På toppen av bygget er det ein luftig takterasse med flott utsikt mot elva og sentrum.

Lindhagen, utsikt fellesrom - holvikglas.no Foto Firda

Tomta var opprinneleg kommunal, og tidlegare var det ein barnehage her. Førde kommune lyste ut konkurranse i 2017, der dei m.a. hadde fokus på fellesrom. Gravdal Bustadprosjekt vann konkurransen med sitt konsept