MODERNE OG ENERGIEFFEKTIVT DOMUSBYGG

Domus frå 1978 tilpassa dagens bruk og krav

Det gamle Domusbygget i Førde – frå 1978 – har fått seg eit skikkeleg ansiktsløft, og no er det Coop Extra som rår grunnen. Holvik Glas har levert alt av vindu og dører til bygget, som er modernisert med mange tekniske forbetringar. Målet har heile vegen vore betre energieffektivisering og ei tilpassing til dagens bruk.

Connie Holvik fortel at dei også her tenkt gjenvinning, sjølv om det ikkje har vore eit krav frå utbyggar. Alt av aluminium som vi brukar er gjenvunne og alle glas og aluminiumsprofilar som vi skiftar ut blir sendt til materialgjenvinning.

Gjenvinning for framtida

For Holvik Glas er materialgjenvinning eit viktig miljøperspektiv. Både aluminium og sand til å produsere glas er knappe ressursar, som vi må vere beviste på å ikkje sløse med.

Tilpassa framtidas behov

Heishuset til Coop-bygget er vel det einaste plassen der ikkje alt er skifta ut. Her er glaset skifta, men ikkje aluminiumen. Alle vindu er no 3-lags glas, som er solregulerande og sjølvsagt energioptimalisert. Dette gjer det enklare å ha kontroll på innetemperaturen både sommar og vinter, samtidig som det slepp lyset inn. I tillegg til vindusflater har vi også levert automatikkdørene, som er viktige i eit butikkbygg.