Stor leverandør til Førde sjukehus
Det nye Livabygget ved Førde sjukehus stod klart hausten 2024, og her er det snakk om eit bortimot heilt nytt sjukehus.
Vi i Holvik Glas har vore engasjert i sjukehuset heilt sidan 1. byggesteg, tilbake i 1979. Då er det ekstra kjekt at vi fekk jobben med å levere vindauge, dører og fasadar til det nye Livabygget, som er knytt saman med Svanabygget.
Dagleg leiar Connie Holvik og prosjektansvarleg Rune Botnen fortel at dette er store og viktige jobbar for Førde-firmaet. Det er inspirerande å få vere med på slike store og moderne utbyggingar. Kanskje det mest moderne sjukehusbygget i landet, skriv Helse Førde på sine nettsider. Holvik Glas har levert alt av vindauge og dører i tillegg til glasfasadar mellom bygga, det vil seie gangbruene mellom eksisterande og nytt bygg.
VI KJENNER SJUKEHUSET
Vi har alltid hatt god dialog med sjukehuset og vi kjenner bygga ut og inn. Det er nok ein viktig grunn til at Veidekke valde oss som leverandør av vindauge, dører og glasfasadar til Livabygget. Vi har levert alle brannklassifiserte dører, og tatt oss av utskifting av vindu andre glasflater i Svanabygget sidan 70-talet.
RESIRKULERING GIR CO2 GEVINST
Eit anna viktig moment for at Holvik Glas vinn fram med sine tilbod er at vi som standard brukar resirkulert aluminium, og kan vise til eit svært godt miljørekneskap, smiler Connie fornøgd. Produkta frå Wicona kjem vesentleg betre ut enn standarverdiane på aluminiumsvindauge, og Veidekke fortel at det er grunnen til at dei berre vel leverandørar som tilbyr Wicona.
Veidekke har rekna ut at ein i Livabygget har oppnådd ein CO2 gevinst tilsvarande 6 tonn kjøtt eller 28 turar t/r Oslo-New York for en familie på 5.
Rune Botnen er prosjektansvarleg hos Holvik Glas, og har hatt ansvaret for leveransene til Førde sjukehus.
EIN VIKTIG KUNDE
På Svanabygget har vi levert branndører i korridorar og trapperom i tillegg til ytterdører. I samband med rehabiliteringar har det blitt ein del utskiftingar av glas og dører sidan 1979. Her stiller vi alltid på kort varsel om det skulle oppstå noko. Rune Botnen som har leia prosjektet med Livabygget, fortel at sjukehuset er ein stor og viktig kunde. Samtidig er vi viktige for at ting skal fungere i kvardagen på sjukehuset. På eldre bygg med mykje trafikk kan det fort oppstå «litt smårusk i maskineriet». Ein ser ikkje alltid omfanget når ein startar opp med rehabilitering, og derfor dukkar det ofte opp nye jobbar undervegs.
UTFORDRANDE PROSJEKTSTYRING
Nybygget Liva er den største jobben vi har hatt i Sogn og Fjordane, med tanke på omfang og leveranse.
Connie skryt av medarbeidarane sine, som har gjort ein solid jobb, med god prosjektstyring. Slike bygg byr på ein del utfordringar, skyt Rune inn. Vi kan til dømes ikkje produsere glasa etter teikningane, men ha is i magen og vente slik at vi kan ta eksakte mål på byggeplassen. I glaskorridorane som bind saman gammal og nytt bygg skulle det opp eit glaskunstverk frå fjerde til åttande etasje. Her var utfordringane at det ikkje kunne lagast av glas på grunn av brannsikkerheit. Det vart ordna med å legge kunstverket på som folie. Både kunstnaren og Helse Førde er fornøgde med resultatet, og det håpar vi brukarane også er. Gangbruene tar seg i alle fall flott ut mellom bygga og etasjane.
FAKTA OM FØRDE SJUKEHUS SINE BYGG
Svanabygget – det gamle bygget frå 1979
Dagabygget – psykiatriavdeling nybygg ferdig 2021
Livabygget – nybygg knytt saman med Svanabygget, ferdig stilt august 2024
FAKTA OM LIVABYGGET
- Ferdigstilt august 2024
- Ca 13 000 m2 // 123 sengerom // 107 av dei med seng til pårørande
- Nesten berre einsengsrom
- Familierom ved kvinneklinikk og barneavdelinga (5. etasje)
- 10 operasjonsstover
- Farmasitun for tryggare og meir effektiv legemiddelhandtering
- Rørpostsystem mellom lab i Svanebygget og sengepostar i Livabygget
- Utvida kapasitet på pasienthotellet
- Glasfasade i 8 av 9 etasjar (3. etasje er teknisk)